Måned: mars 2013

Snart klart for vårmøter

Posted on Updated on

IMG_0995
Vår betyr vårmøter og en hektisk uke med lobbyarbeid for SLUG.

Siste veke møttes det europeiske nettverket som følgjer dei Internasjonale Finansinstitusjonane (euroIFInet) i Brussel.  To gonger i året, i forkant av Verdsbanken og IMF sine års- og vårmøter, møtes kring 20 representantar frå ulike NGOar. Dette gjer vi for å dele informasjon og for å koordinere sivilsamfunns kritiske innspel til nett dei internasjonale finansinstitusjonane (IFIane). Denne gongen var det for å førebu oss til vårmøtene som skal haldast i Washington DC frå 19. til 21. April.

Frå Norge deltok eg, Astrid Iversen, som til dagleg sitt i SLUG sitt styre, og Ingvild Reymert frå Kirkens Nødhjelp.

SLUG på IMF og Verdensbankens Årsmøter i Washington
Astrid og Magnus Flacké under vårmøtene i 2010.

Møtene gjekk føre seg i lokala til European Network on Debt and Development (EURODAD) og den belgiske organisasjonen  Center for Cooperation and Development (CNCD).

Vi diskuterte den pågåande gjennomgangen av Verdsbanken sine retningslinjer for miljømessige og sosiale vernetiltak, den såkalla Safeguard review-en. Verdsbanken er heilt i oppstartfasa av evalueringa, men fleire sivilsamfunnsorganisasjonar er redd for at Verdsbanken vil svekke retningslinjene sine for vernetiltak. Vidare er ein og misnøgde med omfanget av evalueringa då viktige områder er utelatt. Til dømes har dei berre tenkt å sjå på retningslinjene for investeringslån og utelet dimed svært mange andre program Verdsbanken gjennomfører i utviklingsland, slik som Program for Lendig (P4R), Development Policy Lending og Country Assistance Strategies.

På nettverksmøtet diskuterte vi og konkrete saker der retningslinjer for Verdsbanken sine vernetiltaka er mangelfulle, til dømes i saker der det oppstår spørsmål om landrettar i utviklingsland og ved vurderinga av miljømessige konsekvensar.  Les meir her: Verdensbankens nye forsiktighets regler må gjelde alle utlån (ForUM).

Eit anna sentralt tema var ei evaluering av dei miljømessige og sosiale konsekvensane av invisteringane til International Finance Corporation (IFC) – den private lånearma til Verdsbanken.  Denne var gjennomført av IFC sin eigen Sivilombudsmann og  såg særleg på investeringane gjennom såkalla  ”finansielle mellomledd”, eller det andre kallar skatteparadis eller hemmeleghaldsjurisdiksjonar.  Les meir om dette her: IFC oblivious to impact of lending to financial sector (Bretton Woods Project) og Verdensbankens finansinvesteringer kan skade (ForUM).

Vi diskuterte også gjennomgangen av Verdsbankens sin ”Doing Business Review ”, som rangere kor lett det er for ei bedrift å etablere seg og å drive selskapet i eit land. Rangeringskriteria her har lenge vore omdiskutert, mellom anna pga rangeringsvilkåra knytt til jordbrukssektoren, krav til liberalisering og privatisering og tilrådd skattesystem.

Desse tema er bant dei som vil bli diskutert  på Verdsbanken og IMF sine offisielle vårmøter, og på sivilsamfunnsmøtene som blir arrangert i forkant av vårmøtene, frå 17. til 20. april.

Saman med Maren Hemsett, som er Changemakers representant i SLUG sitt styre, drar både eg og Ingvild Reymert frå Kirkens Nødhjelp til Washington for å delta på vårmøta. Så følg med her på SLUGs blogg!

– Astrid

Advertisements